Samarbeid med strykekvartett

I 2013 gav Aasmund Nordstoga ut albumet Guten, der alle tekstar er skrivne av Aasmund Olavsson Vinje. Mykje av musikken er nyskrivne melodiar av mellom andre Odd Nordstoga, men der er også melodiar av Edvard Grieg samt tradisjonelle folketonar.

Stoffet grensar både mot romansen, visa og folketonen, og kan med rette kallast kammermusikk! Her er det duka for intimt samspel mellom tekst og tone, mellom song og spel, og ikkje minst mellom utøvarar og publikum!

Aasmund Nordstoga har reist land og strand rundt og halde konsertar med dette stoffet saman med sin faste gitarist Åsmund Reistad. I samband med 200-årsjubiléet for Aasmund Olavsson Vinje blei det i april 2018 halde ein festkonsert i Vinje der dei to hadde med seg Det norske kammerorkester.

Under Kristiansund Kirke- Kunst og Kulturfestival seinare same år gjorde Nordstoga og Reistad nye konsertar, denne gongen med Festivalkvartetten. Lydopptak av dette ligg ved.

Kristiansund Festivalkvartett (etablert 2001):
Alexander Robson, fiolin (Engegårdkvartetten)
Bård Monsen, fiolin (1. amanuensis NTNU)
Anders Rensvik, bratsj (Oslo filharmonien)
Ole Eirik Ree, cello (Viserektor, 1. amanuensis Barrat Dues Musikkinstitut)

Kristiansund Festivalkvartett har spelt på mange festivalar, urfremført fleire verk av norske komponistar og samarbeidd med artistar som mellom andre Sissel Kyrkjebø, Morten Harket, Arve Tellefsen, Jan Erik Vold, Henning Sommerro, Herborg Kråkevik, Ole Paus, Kari Bremnes, Knut Reiersrud, Per Arne Glorvigen, Silje Nergård, Ane Dahl Torp, Kjetil Bjørnstad, Minken Fossheim og Kjetil Bjerkestrand.

 

 

Foto til nedlasting:

Foto: Agnes Roll-Mathiessen

Foto: Agnes Roll-Mathiessen

Kristiansund festivalkvartett

Reklamer